04|13: Vitamin D: Dobling av forbruket på få år
På få år er omsetninga av reine vitamin D preparat dobla. Det er store fylkesvise skilnader i forbruket og kvinner får føreskrive -vitamin D oftare enn menn.
Nye retningslinjer for inntak av D-vitamin kommer i 2014
Det har vore eit auka fokus på vitamin D dei siste åra. Tradisjonelt har vitamin D-mangel vore knytt til sjukdomar som rakitt og osteoporose. Dei siste åra har det vorte hevda at vitaminet kan spele ei rolle ved ei rekkje andre tilstandar. Vitamin D har blant anna vore nemnt i samband med diabetes, multippel sklerose, reumatoid artritt, Chrons sjukdom, ulcerøs kolitt og kreft.
Vekst for både reseptpliktig og kosttilskot
Pasientar som får påvist låge nivå av vitamin D får enten føreskrive preparat som er reseptpliktige eller beskjed om å ta vitamin D i form av eit kosttilskot. Omsetninga av vitamin D i apotek, enten i form av handelsvarer eller reseptpliktige legemiddel, aukar kraftig på landsbasis (figur 1).
Omsetningsveksten tiltok i 2010 og trenden ser ut til å fortsette. Når ein samanliknar omsetninga i 2010 med 2012 finn ein ei vekst på 199 prosent. Både med omsyn til mengda pakningar som er selt og omsetning i kroner har 2013 allereie passert fjoråret. Totalomsetninga har per 5. november passert over 50 millionar kroner (kjelde Apotekforeningens bransjestatistikk).
Veksten innan handelsvarer kjem både som fylgje av eigenbehandling og at fleire får råd om å ta eit kosttilskot frå helsepersonell. Avisene kjem jamleg med oppslag som «Dårlig sommervær kan gi D-vitaminmangel» (Dagbladet 13.07.13) og «Slår alarm om underskudd på solvitamin» (Aftenposten 12.07.13). Auka mediefokus gir auka etterspurnad.
Størst vekst for kvinner
Det har lenge vore slike at fleire kvinner enn menn får utskrive resept med vitamin D eller vitamin D analogar. Bruken av reseptpliktig vitamin D aukar både blant menn og kvinner, men forbruket aukar meir blant kvinner enn menn (figur 2). Figur 2 illustrerer og tydeleg at det skjedde ei endring i føreskrivingsmønsteret frå 2010 til 2011. Når det gjeld handelsvarer kan ein ikkje sei noko om kjønnsfordelinga.
Regionale skilnader
Ser ein på den fylkesvise fordelinga av salet oppdagar ein store regionale skilnader. Statistikk frå reseptregisteret viser at austlandsfylka Oslo og Akershus skil seg frå resten av landet. Her får 10 av 1000 inn-byggjarar utskrive reseptpliktig vitamin D. Tilsvarande tal for Vest-Agder er om lag 2 av 1000 innbyggjarar.
I 2006 var det regionale forbruket jamnare fordelt. På landsbasis fekk i underkant 2 av 1000 føreskrive D-vitamin. Akershus er det fylket som har kraftigast vekst. Samanlikna med Vest- Agder er det meir enn fem gonger så vanleg å få føreskrive reseptpliktig vitamin D her. Fylkesvis omsetning av handelsvarer følgjer same mønster som reseptpliktige vitamin D.
Ingen sesongvariasjonar i salet
Eigenproduksjon av vitamin D er avhenging av sollys på huda. Mengda ein må få tilført gjennom kosten svingar difor med årstidene. Norsk elektronisk Legehåndbok oppgir at soleksponering fem til ti minutt to til tre gonger i veka, der ansikt, hender og armar er eksponert for sol midt på dagen, gir tilstrekkelig vitamin D i sommerhalvåret. Resten av året må ein få tilført vitaminet gjennom kosten eller i form av eit kosttilskot.
Ein kunne difor tenke seg at salet av vitamin D var sesongavhengig. Tal frå Apotekenes bransjestatistikk viser ingen vesentleg auke i salet i vinterhalvåret. Ein eventuell skilnad kan være maskert på grunn av veksten i omsetninga.
Figur 1 Mengda pakningar D-vitamin-preparat selt på årsbasis.
Anbefalt inntak av Vitamin D
Kjelder til vitamnin D er sollys, tran, feit fisk, margarin og smør og kosttilskot. Helsedirektoratet har varsla publisering av nye norske retningslinjer i 2014 basert på siste utgåve av «Nordic Nutrition Recommandations».
Inntak av Vitamin D:
Nye retningslinjer 2014
Alder Mengde Vitamin D
Frå 4 uker til 75 år 10 µg daglig
Eldre enn 75 år år 20 µg daglig
Kjelde: helsedirektoratet.no, Nordiske næringsstoffanbefalinger (NNR)
Av Solveig Henjum, Apotekforeningen